top of page

Redningsaksjon stadeigen natur

Voss herad 2025

Nærnaturen vår er trua!
I 2025 fekk Voss herad midlar frå Statsforvaltaren i Vestland til å fjerne framande artar i prosjektet Redningsaksjon stadeigen natur. Naturverkstaden AS er ansvarleg for koodinering og prosjektleiing av prosjektet. Sjølve gjennomføringa er eit samarbeid mellom Voss herad, Voss naturvernlag, BIR Voss Hardanger og Naturverkstaden.

Dei prioriterte artane for nedkjemping er hagelupin og kjempespringfrø. Desse artane er kategorisert til svært høg risiko, og utgjer ein stor trussel for stadeigen natur i Voss herad. Les meir om desse artane her. 

Naturverkstaden samarbeider med Voss naturvernlag med arrangering av dugnadar for lag og organisasjonar, og engasjerer grendamiljø gjennom den såkalla Folkedalsmodellen. I tillegg jobbar Naturverkstaden med å fjerne enkeltførekomstar for å hindre ytterlegare spreiing. Me deler og ut eit skriv til nokre hageeigarar me ser har uønska framande artar i sin hage. Diverre rekk me ikkje over heile heradet, og eigedomar i tettbygde boligstrøk vert ikkje prioritert. 

 

Voss herad har ein pott til utdeling av dugnadsmidlar, der Naturverkstaden er ansvarleg for forvaltning av midlane. Lag og organisasjonar får kr 150/t per person, inntil kr. 15 000.  

humle blomst

Prioriterte artar i Voss herad 2025

Voss herad har i prosjekt Redningsaksjon stadeigen natur prioritert fjerning av hagelupin og kjempespringfrø, begge kategorisert som SE (svært høg risiko) på Fremmedartslista (2023). Felles for framande artar med svært høg risiko er at om me ikkje gjer noko, vil problemet berre vekse. Det er og naudsynt med oppfølging av dei områda ein har jobba, og me er heilt avhengig av engasjerte innbyggjarar for å lukkast. 

Kva er så utfordringa med hagelupin og kjempespringfrø i norsk natur, og ikkje minst - korleis få dei vekk? 
Me gjev deg kortversjonen her:

 

Hagelupin - ein trugsel for blomeenga 

I Finland fant forskarar ut at områder invadert av hagelupin reduserte mengda biller, maur, fluger og sommarfuglar med 46% (Ramula & Sorvari 2017). Hagelupin er kjend for å "ta over" områder, ved at den vert fullstendig dominerande. Den endrer økosystemet ved å tilføre nitrogen frå lufta som gjer jordsmonnet meir næringsrikt enn kva våre stadeigne markblomar likar. At den er populær mellom humlene gjer saken endå verre ved at andre markblomer ikkje vert pollinert. Frø frå lupin kan leve 50 år i jorda. 


Nedkjemping: Primært luking elle slått to gonger årleg. På små førekomstar er det best med luking, helst før blomstring, og hugs oppfølging gjennom sesongen og påfølgjande år. Ved luking etter blomstring, må ein passe på frøa. På store førekomstar er en kombinasjon av luking i ytterkant av lokasjonen og slått to gongar i året. Da arten har spreidd seg mange stader på Voss, er den viktigaste jobben me gjer knytt til å nedkjempe dei små lokasjonane for å hindre nye, store invaderte område. 
Les meir om hagelupin her.

Kjempespringfrø - bidreg til erosjon og tap av artsmangfald langs vassdrag

Kjempespringfrø er ei plante som kan verta mange meter høg og kan utvikla opp til 4000 frø på ei plante. I motsetnad til hagelupin, kan frøa berre overleve eitt til to år i jorda. Likevel er planta svært invasiv og fortrengjer andre artar der den får fotfeste. Planta likar seg der det er vått og etablerer seg ofte langs elvar og bekkar, i flommarkskog og åpne sletter, og har grunne røter, noko som gjer at det er fare for erosjon der den etablerer seg. På grunn av eit stadig varmare og våtere klima i framtida, er det vera viktig å få kontroll på planta, slik at den ikkje bidreg til erosjon og ras ved flaumar. 

Nedkjemping: Før blomstring kan kjempespringfrø leggast på bakken. Etter blomstring må ein passa på frøa, da dei spreier seg lett. Ved arbeid i eit område er det naudsynt med overvåking i tre påfølgjande sesongar.  

Les meir om kjempespringfrø her.​

​​

hagelupin
kjempespringfrø
bottom of page