
Prosjekt
Redningsaksjon stadeigen natur
Naturverkstaden har i 2025 og 2026 ansvar for prosjektleiing og koordinering av prosjektet Redningsaksjon stadeigen natur i Voss herad.


Prosjekt kjempespringfrø Ulvik
I 2026 starta Naturverkstaden eit prosjekt i Ulvik på oppdrag frå Ulvik herad, med å utrydde kjempespringfrø i og inntil Ulvikpollen naturreservat.
Prosjekt i regi av Voss naturvernlag
Gudrun og Benedicte leiar fleire prosjekt knytt til naturrestaurering i regi av Voss naturvernlag, der dei begge sit i styret.
I 2023 starta Gudrun eit prosjekt for å engasjere Folkedal i å fjerne Kjempespringfrø. Det resulterte i den såkalla Folkedalsmodellen, og gjennom iherdig innsats av innbyggjarane med Gudrun i spissen, har ein klart å få kontroll på planta.
Les meir om prosjektet her.
Benedicte er prosjektleiar for prosjektet Eit villare Voss gjennom Voss naturvernlag. Prosjektet er støtta av Voss sparebank og Sparebankstiftinga Hardanger, og har fokus på enkel naturrestaurering med elevar, fortrinnsvis på Voss vidaregåande skule og Voss gymnas. Undervisning, fjerning av framande artar og etablering av blomeeng er mellom tiltaka. Prosjektet gjennomførast i samarbeid med Voss herad, og er forankra i temaplan for Naturmangfald.
Det praktiske arbeidet byggjer på oppgåva i Restaureringsøkologi ved NMBU; Eit villare Voss.
Les meir om prosjektet her.


