top of page

Dugnad med din organisasjon?

Dugnadssesongen 2026 er no avslutta og 188 000 kroner er delt ut til lag og organisasjonar i Voss herad. Skjemaet for påmelding er difor stengt for i år. 

 

GODT JOBBA til alle som har delteke!​​​

​​

Korleis fungerer det?

Prosjektet Redningsaksjon stadeigen natur er finansiert av Miljødirektoratet i samarbeid med Voss herad, og gir midlar til lag og organisasjonar som deltek på dugnad innan enkel naturrestaurering i form av fjerning av framande artar. ​​

 

Dugnadsmidlar vert honorert med 150 kr i timen per person som deltek på dugnad, opptil kr. 15 000. 

​ ​​​​​​​

Naturverkstaden tek utgangspunkt i Voss herad og/eller Statsforvaltaren sine prioriterte område med mindre de har eit ønskje om eit konkret område.
 

Naturverkstaden samarbeider med Voss naturvernlag og stiller med naudsynt utstyr og enkel servering.

​

20250616_193428 (1).jpg
bottom of page