Kva kan me tilby?
Naturverkstaden er ei lita konsulentverksemd som jobbar for naturen - i naturen. Me tek på oss oppdrag innan naturrestaurering, og organiserer alt frå mindre dugnadar innan nedkjemping av framande artar og etablering av blomeeng til koordinering av prosjekt som krev entreprenør og tverrfagleg samarbeid.
I tillegg tek me på oss formidlingsoppdrag. Me har stor tru på at naturrestaurering kan verte ei viktig del av løysing på naturkrisa, og brenn for at unge og vaksne kjenn til kva dette er. Me held gjerne foredrag om naturmangfald og naturrestaurering.
Fjerning av framande artar

Framande artar er ein stor trussel mot naturmangfaldet. Dugnadsånd og enkle reiskap kan gjere underverker. Sosialt er det og! Me tek på oss store og små oppdrag for nedkjemping av framande artar. Les meir om våre prosjekt for fjerning av framande artar her.
Etablering av blomeeng

Hjelp bia å finne blomen.
Dei krev ikkje så mykje dei små heltane som flyg rundt oss. Etablering av små pollinatorlommer er gull verd, og kan gjerast på ulike måtar. Me har erfaring med mellom anna høymetoden, pluggplantar og frøblanding av stadeigne artar.
Å leggje ut død ved og sandhaugar er eit godt supplement til enga, slik at insekta får gode reirområde. Bilete er frå restaurering av kalkrik tørreng i Fåbroparken i Oslo.
Samarbeid med entreprenør

Ein villare natur må også inn der me bur, og bør planleggast inn i alle byggeprosjekt - før grasplenen (den grøne ørkenen) er sådd.
Me tek på oss oppdrag i samarbeid med entreprenør, til dømes for naturleg revegetering, fjerning av framande artar før graving og overvaking av framande artar i samband med vegprosjekt.
Kurs, foredrag og arrangement

Me er glade i å preike! Naturverkstaden kan tilby opplæring i enkel naturrestaurering, halde foredrag og organisere arrangement.
Eit hav av moglegheiter...

Restaurering av myr, bekkeløp, leggje døde tre inn i urbane strøk, fjerne skrot frå pensjonerte skrotnissar. Den verda me lever i gir eit hav av moglegheiter for naturrestaurering. Har du ein god idé og treng bistand? Ta kontakt!
