top of page

Filosofien 

I 2022 kom Naturavtala, med  mål om storstilt naturrestaurering verda over. For å lukkast må fleire hender og kloke hoder arbeida i lag. 

​​

Me har stor tru på at ein kan få til mykje moro og gode resultat så lenge ein har engajserte hender. Med dugnadsånd i verdsklasse har Voss og Hardanger eit stort potensiale i å restaurere forringa natur. Kanskje me saman finn meir meining i å ta betre vare på han i framtida? 

​

Naturverkstaden syr saman gode krefter, og har som mål å engasjere store og små, frivillege lag og organisasjonar, entreprenørar og borettslag, pensjonistar, optimistar og alle andre som er interessert i ta i eit tak for naturen vår! Kjenner du deg igjen, ikkje nøl med å ta kontakt. ​​​

​

Og du, hugs at restaurert natur ikkje erstattar den urøyrte. Det beste du gjer er å la naturen få stå i fred. 

​​

20250420_105026_edited.jpg

Folka

Teamet består av småbarnsmødrene og naturentusiastane Gudrun Folkedal og Benedicte Watvedt Skaug. Begge sit og i styret i Voss naturvernlag, og har praktisk erfaring med naturrestaurering og formidling av tema. Med på laget som styremedlem er økolog og restaureringsguru Anders Gunnar Helle. Han er kjekk å ha når lokføraren og økonomen kjem til kort.​

Gudrun Folkedal

GUDRUN FOLKEDAL

Prosjektleiar og kjempespringfrø-nedkjempar

gudrun@naturverkstaden.eco

+47 975 27 812

​

​Med bakgrunn som lærar og lokførar er Gudrun ei dame av det sjeldne slaget. Ho elskar natur og er hjernen bak den såkalla Folkedalsmodellen der ho i 2023 engasjerte den vesle bygda Folkedal i Hardanger og erklærte krig mot planta kjempespringfrø.

​

Kvardagsfilosofien til Gudrun er å luka fem framandartar om dagen. Det gjev deg livsgnist, fysisk trening og glede. 

​

​Les rapport frå Folkedal her.
 

Benedicte Watvedt Skaug

BENEDICTE WATVEDT SKAUG

Dagleg leiar og lupingeneral

benedicte@naturverkstaden.eco

+47 416 02 736

​

Benedicte har lang erfaring med ulike prosjekt innan berekraft og grøn omstilling. Ho er utdanna økonom frå Noregs Handelshøgskule, men meiner sjølv dei mest spennande studiepoenga i hennar liv var 

Restaureringsøkologi ved NMBU.  Benedicte er og prosjektleiar for Voss naturvernlag sitt restaureringsprosjekt Eit villare Voss, der ho tek med vidaregåande elevar ut for å restaurera natur.​

​

Anders Gunnar Helle økolog restaurering NMBU

ANDERS GUNNAR HELLE

Styremedlem, økolog og restaureringskjendis

Anders er doktorgradstipendiat i seksjon for økologi og naturforvaltning ved NMBU, med fokus på naturrestaurering og biofysiske naturregnskap knytt til arealendringar. For tida jobbar han i Roma i FNs matvareprogram, med naturresraurering i fattige land. Han er kjend i restaureringsmiljøet, mellom anna som kandidat til Naturviterprisen i 2024, og er leiar for restaureringsprosjekter knytta til kystlynghei og kalkrike lauvenger. Sistnemnde prosjekt har funne stad på Gjerdåker på Voss, og ryktet seier at her har han funne nye artar som ein ikkje har funne i Noreg før. Anders er med andre ord både god med lupe, og å sjå det store bilete. 

​

Les meir om prosjektet på Gjerdåker her.

bottom of page