
Kva er naturrestaurering?
Me menneske breier oss ut. Visste du at i 2020 fann forskarar ut at menneskeskapte ting veg meir enn alt levande på jorda?
I 2022 fekk me ei internasjonale avtale på plass for å redda naturen vår. Verdas land vart einige om å ta vare på og restaurera natur, gjennom den såkalla Naturavtala. Les meir her.
Naturrestaurering er
aktive tiltak som tek sikte på å forbetre tilstanden i økosystem som er forringa eller øydelagd og med den hensikt å
forbetre naturens evne til å produsere naturgoder
(IPBES 2019)
Kvifor?
Me mennesker er avhengig av naturen for å overleve. Av naturen får me mat, eit tak over hovudet, medisiner, teknologiske duppedittar, spektakulære opplevingar og fred i sjela.
Økosystema kring oss gjer oss utallige naturgoder - anten du stemmer blått, raudt eller grønt. Myra, til dømes reinsar vatn, dempar flaum, hindrar tørke, tek opp og lagrar karbon og ikkje minst gir oss turopplevingar, multer og blåbær.
Insekta gir vakre vegkantar, fuglesong, fisk i vatnet, frukt og bær, sjokolade og kaffi, og ikkje minst er dei vaktmestarar som rydd opp etter oss. Kor trur du hundebæsjen du gløymde å plukka opp vert av?
Anne Sverdrup Thygeson går gjennom utallige døme på korleis me alle er avhengige av naturen for vår eksistens i boka På naturens skuldre. Ei varm anbefaling til naturelskarar og skeptikarar.

Nokre tal
75 %
av landarealet på jorda er betydeleg endra av menneskeleg aktivitet
(FN)
8-38 Є
er verdien ein får igjen i form av naturgoder ved å investere ein Euro i naturrestaurering
(EU)
30%
av all natur som er delvis øydelagt skal restaurerast
(Naturavtala)
Døme på naturrestaurering
Restaurering av myr

Restaurert myr, Regnåsen og Hiåsen naturreservat
Me øydelegg myra til fordel for hytter, vegar, skogbruk, jordbruk og hagejord m.m. Restaurering handlar i stor grad om å få tilbake naturleg vatnbalanse, og arbeidet skjer hovudsakeleg ved bruk av gravemaskin for å lage demning, og hogst og rydding.
Fjerning av framande artar

Fjerning av hagelupin på Prestegardsmoen
Framande artar er ein stor trussel for naturmangfaldet. Les meir om kvifor og korleis du kan gjere ein forskjell her.
Revegetering på naturen sine premiss

Foto: Dagmar Hagen/NINA
Når eit område er foringa eller øydelagt av menneskeleg aktivitet, eller eit byggeprosjekt eller ein veg skal ferdigstillast og grøntområde skal etablerast, er det en fin moglegheit til å revegetere området på naturen sine premiss.
I den ene enden av skalaen har ein prosjekt der ein ønskjer å tilbakeføre eit område slik det ein gong var. Eit godt døme er Hjerkinn skytefelt på Dovrefjell der Forsvarsbygg restaurerte området tilbake til natur. Norsk Institutt for naturforsking (NINA) var fagleg rådgjevarar, og gjorde samstundes eiga forsking. Les meir om eit av Norges største naturrestaureringsprosjekt her.
I den andre enden av skalaen har ein habitattiltak for å betre den økologiske tilstanden, til dømes i samband med byggeprosjekt. Ofte er det mindre ressurskrevjande å etablere og vedlikehalde til engareal enn staudebed og grasplen, og ei naturbasert løysing kan difor vere eit godt alternativ båe for naturen og lommeboka.
Restaurering av vassdrag (elver, bekker og innsjøer)

Habitattiltak (gytegrus) for sjøaure på Osterøy, foto: Sveinung Klyve
Å fjerne vegetasjon og leggje ut gytegrus for laks og sjøaure er døme på enkle habitattiltak for å betre den økologiske tilstanden i bekker og mindre elver. Klimatilpasning er og eit viktig argument for å restaurere vassdrag, til dømes ved å gje elva meir plass og revegetere langs vassdraget.
Urban restaurering
_edited.jpg)
Restaurering av kalkrik tørreng i Fåbroparken, Oslo, og utlegging av død ved.
Me mennesker breiar oss ut, og urbanisering sørgjer for eit fragmentert landskap og tap av leveområde for andre artar. Å gjere byrommet til ein stad for at andre artar kan trivst er difor viktig. Å åpne opp bekkar som før låg i røyr, etablering av blomeeng og utplassering av død ved og sandhaugar til insekta, treplanting og fjerning av framande artar er gode døme på urban restaurering.
Kulturlandskapspleie - slåttemark

Frå slåtteenga på Gjerdåker
Opphør av tradisjonell landbruksdrift, hovudsakeleg gjengroing av slåttemarker og opphør av beiteområde, bidreg til eit stort tap av biologisk mangfald. Kun utbygging og skogbruk fører til fleire trua artar. Restaurering handlar ofte om å opne opp landskapet og etterlikne opprinneleg skjøtsel for å få tilbake artsmangfaldet.
Restaurering av skog

Frå slåtteenga på Gjerdåker
Opphør av tradisjonell landbruksdrift, hovudsakeleg gjengroing av slåttemarker og opphør av beiteområde, bidreg til eit stort tap av biologisk mangfald. Kun utbygging og skogbruk fører til fleire trua artar. Restaurering handlar ofte om å opne opp landskapet og etterlikne opprinneleg skjøtsel for å få tilbake artsmangfaldet.
Les meir om naturrestaurering her:
Litt teori
Det økologiske restaureringshjulet
For å måle utvikling og resultat av restaureringstiltak, har Society for Ecological Restoration (SER) utvikla eit økologisk restaureringshjul. Verktøyet er utvikla for å hjelpe prosjektleiarar ved restaureringsprosjekt med å evaluere i kor stor grad ein naturlokalitet gjenoppretter seg over tid. Hjulet har seks overordna kategoriar, som til saman gir eit godt bilete av den økologiske tilstanden til ein lokalitet; fysiske forhold, artssamansetning, strukturell diversitet, økosystemfunksjon, eksterne koplingar og fråvær av truslar. Bruk av dette verktøyet er mest aktuelt på større prosjekt.
Les meir her.
