Framande artar
Framande artar er ein stor trussel for naturen, og oss menneske.
Miljødirektoratet peikar på nokre hovudutfordringar med framande artar. Dei kan
-
konkurrere med andre artar om næring eller leveområde
-
påverke trua artar og nøkkelartar i økosystemet negativt
-
krysse seg med artar som finst naturlag på staden
-
vere berarar av parasittar og sjukdommar
-
endre strukturen på naturtypar
Nokre døme:
-
Kjempespringfrø bidreg til erosjon langs vassdrag på grunn av sine grunne røter.
-
Hagelupin bidreg til å fortrenge dei stadeigne artane insekta våre treng, og endrar jordsmonnet for markblomene.
-
Mink tek livet av sjøfug, gir tap av fuglesong og sunne økosystem langs kysten.
Naturpanelet (IPBES, 2023) estimerer at kostnadane for verdssamfunnet knytt til framande artar vil firedoble seg kvart tiande år, og at dei i 2029 er estimert til 18 000 milliardar kroner årleg. Sjå opptak frå Miljødirektoratet sitt fagseminar her.
Les meir om framande artar på Miljødirektoratet sine heimesider her.
VIL DU BIDRA?
Naturverkstaden samarbeider med Voss naturvernlag, og har nyleg satt saman ein gjeng som vert invitert med på dugnadar. Interessert? Ta kontakt gjennom vårt kontaktskjema.



Foto: Maja Dumbat


DU kan gjere ein forskjell!
For å unngå spreiing er det viktig å ta dei små, nye førekomstar av framande artar. Kanskje har du redda ei blomeeng om du grev opp ein enkelt lupin, eller eit vassdragsområde om du tek nokre få kjempespringfrø?
Om me alle får kunnskap om kva artar som gjer mest skade, kvifor det er viktig å fjerne dei og ikkje minst korleis fjerne dei, kan me saman vere med å redde nærnaturen vår - bit for bit.
Lek deg i naturen!
Hugs også å laste ned appen Artsorakel for å identifisere artar. Ryktet seier at Benedicte fekk 51 % treff på blautdyr. Ta ein selfie og finn ut kva du liknar på :)
.webp)